Kan akkumulering av Grand totalane i X- og Z-rapport starte ved å installere den versjonen av kassasystemet som støttar den nye forskrifta?

Grand totalane skal vise det totale beløpet som er registrert på kassapunktet frå starten av. Grand total sal viser då det totale salsbeløpet som er registrert frå starten av, før frådrag av Grand total retur. Det er tilstrekkeleg at akkumulering av Grand total startar når ein begynner å bruke kassasystem som støttar ny forskrift.

Krava i kassasystemlova med forskrift gjeld frå og med kassasystem som blir tilbydde etter 1. januar 2017. Krava gjeld då frå og med den versjonen av systemet som støttar ny forskrift, blir installert. Grand total kan då starte på 0. Det må vere sendt ei produktføresegn på denne nye versjonen av kassasystemet før dei bokføringspliktige begynner å bruke han. Dersom kassasystemet allereie har med Grand total i X- og Z-rapport, er det ikkje nødvendig å nullstille dette når ein begynner å bruke den nye versjonen.