Kan det gis brotsgebyr til utanlandske leverandørar?

Ja, det kan gis brotsgebyr og tvangsmulkt også til utanlandske leverandørar.

Lova gjelder alle leverandørar som tilbyr kassasystem for sal, utleige eller utlån på den norske marknaden, uavhengig av om dette skjer frå Norge eller frå utlandet.

Ein utanlandsk leverandør som sel direkte til bokføringspliktig frå utlandet må då levere ei produktfråsegn for sitt system. Dersom han ikkje gjer dette vil han kunne påleggjast sanksjonar etter kassasystemlova.

Det same gjelder dersom han har levert produktfråsegn for eit kassasystem, men det blir avdekt at kassasystemet ikkje oppfyller krava i kassasystemlova og kassasystemforskrifta.

Det kan påleggjast sanksjonar mot leverandørar ved sal av mangelfulle kassasystem etter 1. januar 2017.