Kan det skrivast ut fleire kopikvitteringar frå andre modular/program enn kassamodulen?

Det er ikkje krav om at kassasystemet skal kunne skrive ut kopikvitteringar. Dersom kassasystemet har ein funksjon for å skrive kopikvitteringar, er det ikkje tillate å skrive ut meir enn éi kopikvittering per sal, jf. kassasystemforskrifta § 2-6 fjerde ledd. Føresegna er meint å hindre at ein nyttar kopikvittering som erstatning for salskvittering i samband med registreringar på kassapunktet. Funksjonen må difor sperre for at ein kan ta meir enn ei kopikvittering frå kassamodulen, uavhengig av om kvitteringa er papirbasert eller elektronisk.

Dersom ein overfører dataa til eit anna system, eller anna lagringsmedium, kan ein lage ekstra kopi derifrå, t.d. frå bokføringssystemet. Har ein integrerte system er det mogeleg å få tilgang til andre system/modular frå kassapunktet. I slike tilfelle kan ein ta utskrift av ein ekstra kopi også frå kassapunktet, under føresetnad av at det andre systemet/modulen krev særskild innlogging for kvar utskrift av kopikvittering og at ein berre kan ta éi utskrift per innlogging.