Kan det vere ein felles Z-rapport for alle kassapunkta i ei verksemd, eller skal det vere Z-rapportar pr. kassapunkt, eventuelt pr. operatør?

Ein Z-rapport viser eit samandrag av registreringane i kassasystemet i løpet av ein dag. Etter at Z-rapport er produsert, skal registreringane i kassasystemet nullstillast slik at dei ikkje kjem med på neste Z-rapport. Det skal berre vere éin Z-rapport pr. kassapunkt pr. dag (dagsrapport).

Etter kassasystemforskrifta § 2-8-1 første punktum skal kassasystemet kunne produsere X-rapportar, Z-rapportar, salskvittering og returkvitteringar for kvart kassapunkt. Kravet til innhald i X- og Z-rapportar følgjer av kassasystemforskrifta §§ 2-8-2 og 2-8-3.

Tilsvarande følgjer det av bokføringsforskrifta § 5-3-14 første ledd, i kraft frå 1. januar 2019, at den bokføringspliktige skal utarbeide ein Z-rapport fra kvart enkelt kassapunkt ved dagens slutt.

I § 5-3-14 gis det også nærare føresegner på korleis kassaavstemminga skal gjennomførast. For eksemple står det at avstemminga skal gjerast for det enkelte kassapunkt. Dersom kassapunkta blir betent av fleire operatørar som har eigne kassaskuffer, skal avstemmingan gjerast for kvar enkelt operatør. Opplysning om kvar enkelt operatør sitt kontantsal fordelt på betalingsmiddel skal gå fram av Z-rapporten, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 første ledd bokstav h, jf. § 2-8-3. Dersom operatøren sjølv skal foreta avstemming av sitt kontantsal, kan dette gjerast på grunnlag av særskilte operatrørapportar som blir kjørt når vedkomande avsluttar arbeidet. Slike rapportar skal ikkje påvirke innhaldet i den dagsrapporten (Z-rapport) som skal produserast ved dagens slutt.