Kan ei verksemd som vanlegvis baserer seg på kredittsal, nytte kontantfaktura i staden for kassasystem når ein sporadisk tek imot kontant betaling?

Det er føreslått unnatak frå kravet til kassasystem for dei som berre har sporadisk kontantsal som ikkje overstig 3 gonger grunnbeløpet i folketrygda i løpet av eit rekneskapsår. (I 2016 utgjer dette eit unnatak for kontantsal på inntil kr 270 204 + mva). Dersom dette forslaget blir vedteke kan ein nytte kontantfaktura med nødvendige spesifikasjonar i staden for kassasystem etter kassasystemlova.

I kassasystemlova § 2 a blir kontantsal definert slik:

"sal av varer og tenester der kjøparen si betalingsplikt overfor seljar blir gjort opp ved levering, ved bruk av betalingskort eller kontantar som betalingsmiddel. Sal over internett eller ved oppkrav blir ikkje rekna som kontantsal"

Frå 1.1.2019 tek bokføringslova § 10 a Særlege reglar om dokumentasjon av kontantsal til å gjelde:

"Bokføringspliktige skal registrere og dokumentere kontantsalg ved bruk av kassasystem med produkterklæring som tilfredsstiller krav i kassasystemlova og krav etter forskrift gitt i medhold av kassasystemlova. Departementet kan i forskrift fastsette krav til bruk av kassasystem mv., herunder fastsette unntak."

Hovudregelen er dermed at ein ved kontantsal skal nytte eit kassasystem som tilfredsstiller krava i kassasystemlova og kassasystemforskrifta.

Det er føreslått enkelte unnatak i bokføringsforskrifta. Desse forslaga var på høyring samtidig med kassasystemlova og kassasystemforskrifta. For verksemder som i hovudsak sel på kreditt, kan unnataket for ambulerande og sporadisk kontantsal som ikkje overstig 3 gonger grunnbeløpet i folketrygda i løpet av eit rekneskapsår vere aktuelt (tilsvarande unnatak finst òg i dag i bokføringsforskrifta § 5-4-1.) Endringane i bokføringsforskrifta blir truleg fastsette av departementet i haust.

Den bokføringspliktige må ta stilling til om han har behov for eit kassasystem som tilfredsstiller kassasystemlova, eller om han kan nytte ei fakturaløysing eller liknande etter unntaksføresegnene i bokføringsforskrifta.