Kan ein produkterklære eit kasseapparat som ikkje har integrert kassaskuff, eller kan koplast til ei slik kasseskuff?

Ja, ein kan gi ei produktfråsegn for eit kassasystem sjølv om systemet ikkje har integrert kassaskuff. Dette skal ein opplyse om når ein sender inn produktfråsegna.

Det er viktig å vere merksam på at slike kassasystem berre kan nyttast av bokføringspliktige når unnataket til integrert kassaskuff i kassasystemforskrifta § 2-2 andre og tredje punktum kan nyttast. Føresegna lyder slik:

Kassasystemet skal ha integrert kassaskuff på kvart kassapunkt. Dette gjeld likevel ikkje dersom kassasystemet har funksjonar for å registrere kontantsal mv. på den enkelte operatør og salet ikkje blir registrert frå faste kassapunkt. Kravet gjeld heller ikkje ved kassapunkt der det ikkje er mogeleg å betale med setlar og myntar.