Kan ein registrere kredittsal på kassasystemet, med utskrift av salskvittering frå dette systemet?

Ein kan registrere kredittsal på kassasystemet når systemet er lagt opp slik at nødvendige spesifikasjonar i salskvittering er oppfylte, og ein har lagt til rette for at sals- og betalingstransaksjonar kan spesifiserast i kundespesifikasjonen (kundereskontro). Skattedirektoratet kjem med ei meir omfattande prinsippfråsegn knytt til denne problemstillinga.