Kan fleire bokføringspliktige bruke det same kassasystemet?

Ja, dersom kassasystemet er lagt til rette for at all bruk blir registrert særskilt for kvar einskild bokføringspliktig verksemd, og betalingsmidla blir haldne åtskilde, kan ein nytte eit felles kassasystem.

Kassasystemforskrifta § 2-5 femte ledd lyder slik:

"Kassasystem som er tenkt til bruk for fleire bokføringspliktige, skal vere lagt til rette for at all kontinuerleg bruk, blant anna betalingsmiddel, blir registrert særskilt for kvar enkelt bokføringspliktige verksemd."

Dette inneber òg mellom anna at systemet må kunne produsere X- og Z-rapport og ulike kvitteringar for kvar einskild brukar av kassasystemet.

Vidare finn ein i høyringsforslaget til endringar i bokføringsforskrifta desse føresegnene:

§ 5a-5 tredje ledd

"Dersom flere bokføringspliktige bruker felles kassasystem, jf. § 5a-9, må minst en av de bokføringspliktige bruke integrert kassaskuff for oppbevaring av betalingsmidlene. Dersom det ikke er mulig å holde betalingsmidlene fra flere bokføringspliktige brukere adskilt i kassaskuffen, skal øvrige brukere oppbevare betalingsmidlene i egne kassaskuffer."

Eit døme på bruk av felles kassasystem kan vere to frisørar som driv enkeltpersonføretak i dei same lokala. Dersom dei vel å nytte eit felles kassasystem, kan begge bruke den integrerte kassaskuffen for å oppbevare setlar og myntar, under føresetnad av at ein kan halde betalingsmidla åtskilde for kvar frisør. Dersom ikkje det er mogeleg, må den eine frisøren bruke den integrerte kassaskuffen, medan den andre frisøren må nytte ein annan "kassaskuff", til dømes eit pengeskrin. Av utkastet til bokføringsforskrifta § 5a-9 følgjer det òg at dei bokføringspliktige skal gjennomføre individuelle dagsoppgjer.