Kan gamle kassasystem brukast etter 1. januar 2017 ved overføring av verksemd?

Ei verksemd har kjøpt opp ei anna verksemd og ber forhandlaren om å endre organisasjonsnummer på kassa, samt nullstille tellerane. Er dette greitt i forhold til dei nye krava?

Kjøp/overføring av verksemd blir ikkje rekna som sal av kassasystem etter kassasystemlova.

Ein forhandlar kan derfor endre organisasjonsnummer og andre faste opplysningar i kassasystemet, inkludert nullstille tellerar, utan å komme i konflikt med regelverket.

Dette vil gjelde ved

  • Kjøp av verksemd (innmat)
  • Fusjoner og fisjoner
  • Omdanningar
  • Eventuelle andre omorganiseringar