Kan sal av ølbongar på ein festival registrerast som sal av øl på kassasystemet når ølbongen blir selt?

Nei, sal av bongar på festivaldagen, må registrerast som annan innbetaling. Salet skjer når bongane løysast inn i øl. Salgskvittering må skrivast ut på dette tidspunktet, kor betalingsmiddelet blir angitt som "ølbong", eller tilsvarande.

Dette medfører ei endring i forhold til tidligare akseptert praksis, kor vi har uttalt at sal av øl, kan registrerast på det tidspunktet det blir betalt for bongene. Dei nye kassasystemreglane skjerper imidlertid krava for å skrive kvittering på det tidspunktet varer/tenester "passerer" kassapunktet. Dette må også gjelde på festivalar. Dersom kunden ikkje har rett til å få unytta bongar refundert, må verdien av eventuelle unytta bonger ved festivalens slutt registrerast som ein del av den avgiftspliktige øl-omsetninga.