Kan to kassapunkt ha felles kassaskuff?

Nei, dersom ein skal kunne betale med setlar og myntar på begge kassapunkta, må kvart kassapunkt ha ein integrert kassaskuff.

Kravet til integrert kassaskuff er regulert i kassasystemforskrifta § 2-2. Det følgjer av denne føresegna at kravet til integrert skuff ikkje gjeld ved kassapunkt der det ikkje er mogeleg å betale med setlar og myntar. Kravet gjeld heller ikkje dersom kassasystemet har funksjonar for å registrere kontantsal o.a. på kvar einskild operatør og salet ikkje blir registrert frå faste kassapunkt.

I forslaget til nye føresegner i bokføringsforskrifta går det fram at dagsoppgjeret skal gjennomførast for kvart kassapunkt. Det vil seie at ein må halde betalingsmidla åtskilde for kvart kassapunkt.

Når ein nyttar to terminalar som kan avslutte sal ved å rekvirere utskrift av kvittering, så er dette to kassapunkt. Ein kan då ikkje ta imot betaling med setlar og myntar frå begge kassapunkta med mindre systemet blir lagt til rette med to integrerte kassaskuffar. Ein må òg rekne med at det i praksis blir vanskeleg å bruke ein felles integrert kassaskuff her, ettersom regelverket er til hinder for at ein kan registrere sal når den integrerte kassaskuffen er open, jf. kassasystemforskrifta § 2-6 femte ledd. Difor verkar det heller ikkje å vere ei praktisk løysing å bruke ei felles integrert kassaskuff der ein held betalingsmidla for kvart kassapunkt åtskilde.