Kan utanlandsk produsent levere produktfråsegn for eit kassasystem, sjølv om salet skjer frå norsk agent?

Det er leverandør av kassasystemet som skal sende inn produktfråsegn. Leverandør av kassasystem er definert i kassasystemlova § 2 bokstav e:

produsent eller importør som enten sjølv eller gjennom forhandlar sel eller tilbyr kassasystem mv. for sal, utleige eller utlån til bokføringspliktig som nemnt i § 1, og forhandlarar og andre som tilpassar kassasystem for dei bokføringspliktige.

Når ein importør av kassasystemet ikkje gjer tilpassingar i systemet kan den utanlandske produsenten levere produktfråsegn. Dersom den utanlandske produsenten ikkje leverer produktfråsegn, må importør sørgje for at produktfråsegn blir sendt inn.