Kan vi bruke parametersettingar for å slå av funksjonar i Noreg for å unngå ulike installasjonar for ulike land?

Etter kassasystemforskrifta § 2-6 er det enkelte funksjonar eit kassasystem ikkje skal ha. Mellom anna skal ikkje programvara i eit kassasystem ha andre funksjonar enn det som går fram av systemskildringa.

I merknaden til § 2-6 står det:

Føresegna listar opp ei rekke funksjonar som eit kassasystem ikkje kan ha. Føresegna inneber eit forbod mot å ha kassasystem med slike funksjonar, jf. at kassasystem må ha ei produktfråsegn som garanterer fråværet av desse funksjonane. Første ledd inneber eit generelt forbod mot skjulte funksjonar.

Vi meiner at parameterstyring av funksjonar i eit kassasystem der enkelte funksjonar blir deaktiverte, må likestillast med skjulte funksjonar. Deaktivering av funksjonar som er i strid med kassasystemforskrifta § 2-6, er difor ikkje tillate.Dette inneber at det ikkje er tilstrekkeleg å installere programvaren med landsspesifikke innstillingar, parameterar el.l. som deaktiverer dei ulovlege funksjonane. Dette gjelder sjølv om det blir gjennomført tiltak for å sikre at brukar ikkje kan aktivere funksjonane. Installasjonspakken som blir distribuert til kunde skal ikkje ha mogelegheit for å installere programvare eller aktivere moduler i programvaren med forboden funksjonalitet. Det skal heller ikkje ved bruk av programvaren kome fram skjermbilde eller tekstar som viser at slik funksjonalitet har vore til stades.

Dersom funksjonalitet i programvaren ikkje bryt med kassasystemlova og kassasystemforskrifta, kan denne være skjult gjennom deaktivering, så lenge funksjonaliteten er omtalt i systemskildringa. Dette medfører for eksempel at funksjonalitet i programvaren til eit kassasystem kan ha skjult/deaktivert funksjonalitet for fleire land dersom deaktivert funksjonalitet i programvaren ikkje bryt med norsk regelverk. Det er ein føresetnad at berre norsk funksjonalitet er aktivert.

Det er berre leverandøren som skal ha tilgang til å aktivere/deaktivere funksjonalitet for andre land. Systemskildringa skal innehalde kor vidt den inneheld deaktivert funksjonalitet for andre land og ei liste over disse.