Kan vi gjennomføre vedlikehalds- og hovudoppdateringar i 2017 og 2018 hjå kundar vi har ved årsskiftet, sjølv om systemet ikkje er tilpassa krava i kassasystemlova og kassasystemforskrifta?

Ja, for kundar de har per 1. januar 2017 kan de oppdatere kassasystemet fram til 1. januar 2019, utan at dette kjem i konflikt med kassasystemregelverket. Etter 1. januar 2019 skal alle bokføringspliktige nytte kassasystem med produktfråsegn. 
 
Dersom de skal selje, leige ut eller låne ut kassasystem til nye kundar etter 1. januar 2017, må kassasystemet tilfredsstille kassasystemregelverket.