Kassasystemet får ikkje noko tilbakemelding frå kasseskuffen om den er open eller ikkje. Er det ok?

Nei, dette er ikkje i samsvar med regelverket.

Etter kassasystemforskrifta § 2-6 femte ledd er det eit krav om at det ikkje skal vere mogeleg å registrere sal i kassasystemet dersom den integrerte kassaskuffen er open. Dersom kassasystemet ikkje har ei sperre for dette, har systemet ein funksjon som ikkje er tillaten. Ein må difor føye inn ein funksjon i programmet som melder frå til kassasystemet dersom kassaskuffen er open.