Korleis skal ein korrigere feil registrering av type betalingsmiddel?

Dersom feilen blir avdekt i samband med dagsoppgjeret etter at det er køyrt ein Z-rapport, inngår dette som ein del av dagsoppgjeret. Dersom feilen blir avdekt etter at det er skrive ut kvittering til kunden, men før dagsoppgjeret skal det skrivast ut ei returkvittering og ei ny salskvittering til kunden. Ein kan òg skrive ut eit korreksjonsbilag som berre korrigerer feil betalingsmiddel. Feilaktig registrert betalingsmiddel og nytt betalingsmiddel må gå fram av dokumentasjonen, og det må vere referanse til nummeret på salskvitteringa. Eim må skrive ut dokumentasjonen og tilby han til kunden.

Når ein tek ut ein Z-rapport i samband med dagsoppgjeret, skal denne mellom anna vise talet på kontantsal og beløp fordelt på ulike betalingsmiddel, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 bokstav g, jf. § 2-8-3.

I høyringsutkastet til nye føresegner i bokføringsforskrifta er det føreslått denne føresegna i § 5a-14 om dagsoppgjer:

"Ved dagens slutt skal det utarbeides en Z-rapport fra hvert enkelt kassapunkt. Z-rapporten skal enten skrives ut på papir eller lagres elektronisk i kassasystemet slik at den til enhver tid kan skrives ut på papir.

Tilsvarende skal det ved dagens slutt utarbeides rapport fra hver enkelt betalingsterminal over de betalinger og uttak som er registrert.

Kontantbeholdningen skal telles og sammenholdes med opplysningene på Z-rapporter. Opplysninger fra betalingsterminal om betalinger ved bruk av betalingskort skal sammenholdes med tilsvarende opplysninger på Z-rapport. Eventuelle differanser skal forklares. Avstemmingen skal foretas for det enkelte kassapunkt. Hvis kassapunktene betjenes av flere operatører som har egen kassaskuff, skal avstemmingen foretas for hver enkelt operatør.

Det skal fremgå hvem som har foretatt opptelling av kontantbeholdningen og avstemt kontantsalget."

Differansar som blir avdekte, mellom anna feil betalingsmiddel, blir då ein del av dagsoppgjeret og skal gå fram av avstemminga, anten dette er eit papirbasert skjema, eller avstemminga skjer elektronisk.

Når det gjeld feil registrering av betalingsmiddel som blir oppdaga før det er køyrt Z-rapport, t.d. når ein skriv ut salskvittering til kunden, kan ein korrigere dette slik:

1. ein kan ta ut ei returkvittering som reverserer den opphavlege salskvitteringa fullt ut, og ei ny salskvittering med rett betalingsmiddel

2. det blir laga ei kvittering som berre korrigerer betalingsmiddelet.