Korleis skal ein registrere kontantinnskot og kontantuttak frå kassen, og skal dette rapporterast som ein eigen post i X- og Z-rapport?

Det er ikkje noko krav om at inn- og utbetalingar må registrerast i kassasystemet, men det er heller ikkje forbod mot ein slik funksjon. Dersom ein registrerer inn- og utbetalingar på kassapunktet, må slike betalingar spesifiserast i X- og Z-rapport på mengd, type og beløp, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 andre ledd siste punktum.

I høyringsutkastet til nye føresegner i bokføringsforskrifta er denne føresegna føreslått i § 5a-8 andre ledd:

"Uttak av kontanter fra kassaskuffen i løpet av dagen skal dokumenteres særskilt. Dokumentasjonen skal minst inneholde følgende opplysninger a) dato og klokkeslett, b) beløp, c) hvem som har gjort uttaket. Dokumentasjonen skal oppbevares i kassaskuffen."

Når kontantuttak ikkje blir registrert på kassapunktet, er denne dokumentasjonen ei forklaring på differansen mellom Z-rapporten og opptalde kontantar.