Korleis skal endringar av prisar og andre faste opplysningar kome fram i elektronisk journal?

Etter kassasystemforskrifta § 2-7 tredje ledd skal det vere mogeleg å hente fram opplysningar om aktuelle prisar frå kassasystemet dersom kassasystemet har funksjonar for å fastsetje prisar for varer og tenester. I slik tilfelle skal det gå fram av den elektroniske journalen når prisane har blitt endra. Det same gjeld ved andre endringar i dei faste opplysningane.

Kravet er at den elektroniske journalen skal ha opplysningar om når prisane og andre faste opplysningar er blitt endra. Dette gjeld både når prisane blir endra på kassapunktet, frå bakrommet/hovudkontoret eller frå eit anna system. Det blir ikkje kravd at endringa skal vise kva for varer som prisen er endra på eller til kva for pris. Det er tilstrekkeleg at tidspunktet for endringa går fram av journalen.

Faste kunderabattar blir rekna som faste opplysningar der endringane skal gå fram av den elektroniske journalen. Rabattar ein gir på kassapunktet (prisen blir korrigert i kassa), skal registrerast og gå gram på  x- og z-rapport, med mengd og beløp, jf. kassasystemforskrifta § 2‑8‑2 første ledd bokstav q. Det er ikkje krav om at det skal registrerast rabattar på varer der prisane er sette ned.