Korleis skal sal som delvis blir betalt kontant og delvis blir gjort opp i ettertid (kreditt) klassifiserast?

Korleis ein skal handsame kredittsal i eit kassasystem er omtalt i ein eigen utsegn om Nye krav til kassasystemer – registrering av kredittsalg.

Dersom eit sal delvis blir gjort opp med kontantar eller andre betalingsmidlar og delvis skal fakturerast, kan dette gjerast på følgjande måtar:

  1. Det som ikkje blir betalt kontant blir fakturert på eit seinare tidspunkt. Det må skrivast salskvittering for den delen av salet som blir betalt kontant. For den delen av salet som skal fakturerast på eit seinare tidspunkt, må det skrivast ein utleveringskvittering. Det som blir betalt som kontant, kjem med som kontantsal i X- og Z-rapporten, mens det som blir fakturert seinare kjem med som utleveringskvittering, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 første ledd, bokstav v.
  2. Det som ikkje blir betalt kontant blir fakturert frå kassapunktet på salstidspunktet. Det må skrivast salskvittering for den delen av salet som blir betalt kontant. For den delen av salet som blir fakturert, må det skrivast ei kvittering for kredittsal. Det som blir betalt som kontant, kjem med som kontantsal i X- og Z-rapporten, mens det som blir fakturert kjem med som kredittsal, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 andre ledd. Alternativt kan ein ta med kontantsal og kredittsal på same salskvittering. Det er då ei føresetnad at kassasystemet har funksjonalitet til å "telle" kontantsalet og kredittsalet kvar for seg.
  3. Dersom verksemda for det meste har kontantsal og unntaksvis kredittsal, kan følgjande løysing nyttast: På salstidspunktet blir det skreve ei salskvittering som blir teken med som kontantsal på X- og Z-rapport. Betalingsmiddel oppgis som kontant. I utsegna om kredittsal er det sagt at "for å forklare differanser mellom opptalt kontantbeholdning og Z-rapporten, må dagsoppgjøret vedlegges kopi av salgskvitteringen eller ha en referanse til salgskvitteringens nummer." Den bokføringspliktige kan i staden for å føre ei kundespesifikasjon legge fram kopiar av salsdokumentasjonen ordna pr. kunde, jf. bokføringsforskrifta § 3-1 andre ledd.