Kva for skuffeopningar skal spesifiserast i X- og Z-rapport?

Det er talet på opningar av kassaskuffen utan at det er registrert sal eller tilbakebetaling (0-innslag) som skal spesifiserast i X- og Z-rapport. Ein skal dermed ikkje ta med opningar av kassaskuff i samband med utskrift av salskvittering og returkvitteringer og betaling / tilbakebetalingar knytt til dette, i det oppsummerte talet over skuffeopningar i Z-rapporten, men det skal like fullt registrerast i elektronisk journal.

Det følgjer av kassasystemforskrifta § 2-8-2 bokstav m, jf. § 2-8-3 at talet på skuffeopningar skal spesifiserast i X- og Z-rapport.

Opning av skuff er definert i kassasystemforskrifta § 1-2 bokstav c:

"opning av kassaskuff (nullinnslag): integrert kassaskuff opnast utan at det har skjedd nokon registrering av kontantsal eller tilbakebetaling"

Av merknaden til føresegna går det fram at dersom det er mogeleg å registrere bruk av "nødopningsknapp" i elektronisk journal, skal også slik bruk inngå i dei oppsummerte tala over skuffopningar.