Kva meiner ein med "prisundersøking" som skal gå fram av X og Z-rapport?

Med prisundersøking meiner vi at ein skannar ei vare eller tastar inn ein varekode for å undersøkje pris, utan at vara blir registrert som varelinje i ei salskvittering.

X- og Z-rapport skal innehalde talet på prisundersøkingar og spesifisert på varegruppe og beløp, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 bokstav t, jf. § 2-8.3.

Føremålet med å logge prisundersøkingar er å hindre at prisundersøking blir brukt som reiskap i staden for å registrere sal. Når ein skannar ein strekkode, blir dette på dei fleste system kvittert med ein lyd, og/eller beløpet kjem opp i kundedisplayet, slik at kunden kan oppfatte det som om vara er slått inn. Når ein undersøkjer prisen ved å taste inn den aktuelle varekoden, kan dette oppfattast på same måte. Kravet er difor at ein skal loggføre når ein gjer slike direkte prisoppslag, sjølv om det ikkje blir generert ei varelinje eller ein auke på ei eksisterande varelinje.