Kva meiner vi med ID-nummeret til kassasystemet?

I kassasystemlova § 2 f er ID-nummeret til kassasystemet definert slik:

"ein unik identifikator for kassasystemet"

Det er leverandøren som må syte for at kassasystemet har eit ID-nummer. Dette nummeret skal gå fram av X- og Z rapport, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 d), jf. § 2-8-3. Merknaden til § 2-8-2 lyder slik:

"Eit kassasystem sitt ID-nummer vil variere i forhold til type kassasystem, om det er eit PC-basert kassasystem eller eit ROM-basert kassasystem. Den viktigaste funksjonen til ID-nummeret er å være ein unik identifikator av eit kassasystem, slik eit serienummer fungerer for andre elektroniske apparat."

For eit PC-basert kassasystem er det vanlegvis tilstrekkeleg med lisensnummer og løpenummer for programvara, og ein treng ikkje registrere til dømes serienummeret på maskinvara som kassasystemet køyrer på. For ROM-baserte kassasystem kan ID-nummeret vere ein kombinasjon av til dømes serienummeret på apparatet og versjonsnummeret av programvara.