Logoen ligg førehandsdefinert i sjølve skrivaren, og kjem ikkje som ein del av innhaldet i kvitteringa frå POS. Kan logoen stå før «namnet» på kvitteringa?

Ja, det er greitt at logoen står før «namnet» på kvitteringa. Dette gjeld uavhengig av om logoen ligg førehandsdefinert i sjølve skrivaren eller om logoen ligg i programvara. Det følgjer av kassasystemforskrifta § 2-8-4 og § 2-8-5 at namnet på kvitteringane (salskvittering og returkvittering) skal kome øvst på kvitteringa. Ein tillèt likevel at logoen kan visast før overskrifta på kvitteringane.