Må alle kvitteringsoverskrifter skrivast på norsk uavhengig av om språket på kassen er sett til engelsk, dansk, svensk osv?

Teksten på rapportar, kvitteringar o.a. kan vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk, jf. kassasystemforskrifta § 2-4. I merknaden til føresegna står det:

Navn på kvitteringane og ord som skal vere tydeleg merka, jf. §§ 2-8-4 til 2-8-8, skal vere på norsk sjølv om resten av teksten på kvitteringane er på eit av dei andre språka.

Grunngjevinga for dette er at denne teksten skal vere heilt eintydig og attkjenneleg, uavhengig av kvar ein handlar. Ei tilsvarande forståing er lagt til grunn i kravet til innhald på kvitteringar også i dag, der seljarar som er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret skal ha bokstavane «MVA» etter organisasjonsnummeret. Det er ikkje høve til å erstatte dette med VAT, men det er høve til å gi opp VAT i tillegg til MVA, MVA (VAT).  Dette kan ein òg gjere for kvitteringsoverskrifter o.a.

Det finst ingen heimlar for bruk av andre språk, og det er heller ikkje mogeleg å gi dispensasjon slik det er etter bokføringslova.