Må det vende eit display mot kunden ved kassapunktet og kva for informasjon skal dette displayet vise?

Nei, det er ikkje stilt krav om eit særskilt display mot kunden ved kassapunktet.

Etter gjeldande reglar skal beløp som blir registrerte på kassaapparat vere lett synlege for kunden dersom ikkje dette er vanskeleg å gjennomføre, jf. bokføringsforskrifta § 5-3-2 andre setning. Eit døme på kvar det kan vere vanskeleg å gjennomføre kan vere ein serveringsstad der kundane betaler ved "borda". Etter forskrifta § 5-3-2a første ledd skal ein alltid skrive ut kvittering når beløpet som blir registrert på kassaapparatet ikkje er lett synleg.

Verken kassasystemlova eller kassasystemforskrifta har krav til at eit kassasystem skal ha eit display. Det er i staden innført eit absolutt krav om at det ikkje skal vere mogeleg å registrere sal utan at systemet skriv ut ei salskvittering, jf. kassasystemforskrifta § 2-6 fjerde ledd. Det er difor i det nye regelverket ikkje stilt krav til kva for opplysningar eit eventuelt display skal vise.