Må kassasystemet oppbevarast i Noreg også før 1. januar 2019?

Etter bokføringsforskrifta § 5-3-15 skal heile kassasystemet vere i Noreg. Elektronisk journal skal til ei kvar tid oppbevarast i Noreg. Dette er tolka slik at det ikkje vil vere tillate å oppbevare elektronisk journal i utlandet for så å overføre ein backup til Noreg for oppbevaring. Denne endringa trer i kraft 1. januar 2019. Inntil dette tidspunktet er det dei vanlege oppbevaringskrava som gjelder.

Gjeldande oppbevaringskrav:

Elektronisk rekneskapsmateriale kan oppbevarast i Danmark, Finland, Island og Sverige dersom det er elektronisk tilgang frå terminal eller liknande i Noreg, jf. bokføringsforskrifta § 7-5, jf. forskrift 3. juni 2010 nr. 759 om oppbevaring av elektronisk rekneskapsmateriale i andre EØS-land.

Etter gjeldande dispensasjonspraksis gis det løyve til oppbevaring i land innan EØS og andre land vi har skatteavtale med som regulerer utveksling av opplysningar, under føresetnad av at oppbevaringa skjer som ledd i ei felles konsernløysing.