Må klokka vere implementert i kassasystemet eller kan ho hentast frå Windows (operativsystemet)?

Etter kassasystemforskrifta § 2-5 tredje ledd skal eit kassasystem ha klokke. Klokka skal vere stilt til norsk normaltid og justerast for sommartid.

Det er tilstrekkeleg at kassasystemet brukar klokka i operativsystemet.