Må seljaren spørje kunden om han vil ha kvitteringa?

Dette spørsmålet er ikkje regulert i kassasystemforskrifta, men av kva for krav som er sett til dei bokføringspliktige sin bruk av kassasystemet. Dette blir regulert i bokføringsforskrifta.

Det skal ikkje vere mogeleg å registrere eit sal utan at kassasystemet skriv ut ei papirbasert eller elektronisk kvittering, jf. kassasystemforskrifta § 2-6 fjerde ledd.

Om ein reint faktisk skal spørje kunden om han vil ha kvitteringa, må eventuelt regulerast i bokføringsforskrifta. I høyringsnotatet til kassasystemregelverket vart det føreslått å ta desse føresegnene inn i bokføringsforskrifta:

Ved kvart sal skal det skrivast ut ei salskvittering frå kassasystemet som skal leggjast fram for kunden.

Det er Finansdepartementet som fastset eventuelle endringar i bokføringsregelverket.