Må X- og Z-rapport kunne skrivast ut ved kassapunktet?

Ja, ein skal kunne skrive ut rapportar og kvitteringar ved kassapunktet.

Både kvitteringar, elektronisk journal og X- og Z-rapport skal kunne skrivast ut ved kvart einskild kassapunkt, jf. kassasystemforskrifta § 2-3 første ledd:

Kassasystemet skal ved det enkelte kassapunkt vere utstyrt med ein skrivar. Skrivaren skal kunne produsere dokumentasjon som nemnt i § 1-2 bokstavane d til h og k til m.

Som kassapunkt reknar ein fysisk plassering av kassasystem og terminalar eller anna som er kopla til kassasystem og der sal blir registrert, jf. kassasystemforskrifta § 1-2 bokstav b. Regelverket er ikkje til hinder for at fleire kassapunkt brukar den same skrivaren. Det kan til dømes vere aktuelt der fleire kassar er plassert ved same disk. Regelverket er heller ikkje til hinder for at det blir nytta ein skrivar til å produsere kvitteringar og ein annan skrivar til å produsere elektronisk journal og X- og Z-rapportar. Begge skrivarane må likevel vere plasserte på forretningsstaden.