Når krev ein at rabattar skal spesifiserast i X- og Z-rapport?

Det er berre rabatt ein gir på kassapunktet (prisen blir korrigert manuelt i kassen) som skal spesifiserast i X- og Z rapport. Rabattar som blir korrigerte automatisk i kassasystemet, til dømes kampanjar som "ta 3 betal for 2" skal dermed ikkje spesifiserast.

X- og Z-rapport skal innehalde talet på rabattar og beløp, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 bokstav q, jf. § 2-8.3.

Skattedirektoratet har gitt denne merknaden til føresegna:

"Det er ikkje krav om at det skal registrerast rabattar på varer der prisen er sett ned. Dersom prisen blir korrigert i kassa, skal det likevel gå fram at korreksjonen gjeld rabatt."