Når salskvitteringa blir sendt elektronisk, er det noko formkrav til korleis kunden oppgir e-postadressa og kan ei elektronisk kvittering skrivast til ein "søppelkasse"?

Det er ikkje noko formkrav til korleis kunden skal oppgi e-postadressa. Det er greitt at kunden oppgir e-postadressa e.l. munnleg. Det er heller ikkje eit krav om at ein skal identifisere kunden via betalingsmetoden. Det viktige er at systemet blir lagt til rette slik at kvitteringa alltid blir lagt fram for kunden på papir eller send elektronisk, jf. kassasystemforskrifta § 2-6 fjerde ledd:

Det skal ikkje vere mogeleg å avslutte sal utan at systemet skriv ut ei salskvittering.

Dersom ein vel elektronisk kvittering, er det ikkje tilstrekkeleg at denne går til ei søppelkasse. I merknaden til kassasystemforskrifta § 2-6 fjerde ledd står det:

Kassasystemet må kunne skrive ut kvitteringa på papir, men kan også ha mogelegheit for elektronisk utskrift. Elektronisk utskrift er gjennomført når kvitteringa er sendt frå kassasystemet på ein slik måte at kunden kan ta i mot kvitteringa i elektronisk form, f.eks. på ein smarttelefon eller på Digipost.