Skal både auke og reduksjon av talet på einingar visast som linjekorreksjon i X- og Z-rapport?

Berre reduksjon av mengd skal visast som linjekorreksjon.

X- og Z rapport skal innehalde talet på linjekorreksjonar spesifisert på type og beløp, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 bokstav s, jf. § 2-8.3.

Skattedirektoratet har gitt denne merknaden til føresegna:

"Eit eksempel på type linjekorreksjon er ”feilslag”. Dette vil typisk vere feilslag som blir korrigert før salskvitteringa blir skriven ut. Eit eksempel på det er at vara feilaktig er registrert to gonger, eller at det er registrert feil vareartikkel.

Skattedirektoratet legg til grunn at ein auka av mengda ikkje skal reknast som feilslag, og då heller ikkje som ein korreksjon som skal gå fram av elektronisk journal.