Skal manuell opning ("nødopning") av kassaskuffen registrerast?

Det er ikkje krav om å registrere manuell opning av kassaskuff, med mindre kassasystemet har ein funksjon for dette.

Kassasystemforskrifta § 1-2 definerer opning av kassaskuff slik:

c) opning av kassaskuff (nullinnslag): integrert kassaskuff opnast utan at det har skjedd nokon registrering av kontantsal eller tilbakebetaling,

I Skattedirektoratet sine merknader til forskrifta § 1-2 bokstav c går det fram at også opning ved å bruke nødopningsknappen blir rekna som opning av kassaskuff. Det følgjer òg av kassasystemforskrifta § 2-8-2 bokstav m, jf. § 2-8-3, at " talet på opningar av kassaskuff, skal fremgå av X- og Z-rapport.

Kravet til spesifikasjonar i X- og Z-rapport har utgangspunkt i opplysningar som er lagra i elektronisk journal. Når ein "nødopnar" kassaskuffen kan årsaka vere straumbrot e.l., der kassaskuffen må opnast "manuelt" ved å bruke ein særskild knapp, nøkkel e.l. Opplysningane om at kassaskuffen har blitt opna, blir då ikkje vist i den elektroniske journalen, og ein krev då heller ikkje at det blir spesifisert i X- og Z-rapport. Dersom bruken av "nødopningsknapp" kan registrerast i elektronisk journal, skal slik bruk inngå i oppsummerte tal over skuffopningar, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 bokstav m.