Skal opplading av gåvekort vere ein del av totalsalet i X- og Z-rapport?

Opplading av gåvekort er ikkje sal og skal difor ikkje vere med som ein del av totalsalet i X- og Z-rapport. Når kassasystemet blir brukt til å registrere opplading av gåvekort må dette visast som eigen post i X- og Z-rapport som innbetaling, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 andre ledd siste punktum.

Rekneskapsmessig blir betalinga for gåvekortet ståande som ei "gjeld" til det blir innløyst. På det tidspunktet då gåvekortet blir brukt som betalingsmiddel skal ein ta dette med i X- og Z-rapporten som kontantsal med gåvekort som spesifikasjon av betalingsmiddel, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 bokstav g, jf. § 2-8-3.