Skal utleveringskvittering vere nummerert med eigen nummerserie og må den alltid innehalde beløp?

Utleveringskvitteringar skal vere nummererte, og ikkje inngå i same nummerserie som salskvitteringar, og skal som hovudregel innehalde beløp.

Dersom kassasystemet blir nytta til å registrere kredittsal som blir fakturert på eit seinare tidspunkt, skal det skrivast ut ei kvittering som viser kva slags varer og tenester som er levert, jf. kassasystemforskrifta § 2-8-7. Det kjem ikkje direkte fram av forskrifta kva for eit innhald utleveringskvitteringa skal ha. Utleveringskvitteringa blir skriven ut som erstatning for salskvittering og må vise nummer, dato/tidspunkt og kva som er levert. Sjå for resten teknisk beskriving. Denne omtalar kva for data som skal følgje med ein eksport frå elektronisk journal.

Salskvittering/faktura knyta til salet, vil bli skriven ut på eit seinare tidspunkt med nummer for salskvittering. Nummeret på utleveringskvitteringa skal difor ikkje inngå i same nummerserien som blir brukt for salskvitteringar.

Etter kassasystemforskrifta § 2-8-2 første ledd bokstav v skal X-rapport innehalde talet  på utleveringskvitteringar og beløp. Beløp må difor oppgis på ei utleveringskvittering. Dersom beløpet ikkje er kjent på utleveringstidspunktet, kan det førast 0 i beløp. I tillegg må det oppgis på utleveringskvitteringa at salsverdi ikkje er kjent på utleveringstidspunktet. Dersom det gis rabatt på utleverte varer, og rabattbeløpet ikkje er kjent på utleveringstidspunktet, skal varen oppgis med beløp før rabatt.