Talet på kontantsal og beløp skal som eit minimum fordelast på hovudgrupper. Kva meiner vi med hovudgrupper?

X- og Z-rapport skal innehalde talet på kontantsal og beløp minimum fordelt på hovudgrupper jf. kassasystemforskrifta § 2-8-2 første ledd bokstav f.

Merknaden til føresegna lyder slik:

Dette vil vere eit samandrag av registrerte sal som høyrer inn under den definerte hovudgruppa. Den bokføringspliktige kan velje å spesifisere kontantsalet på eit meir detaljert nivå. For enkelte bransjar er det sett krav om at omsetning mv. skal bokførast og spesifiserast på bestemte vare- og tenestegrupper, jf. bokføringsforskrifta §§ 8-3 (frisørverksemd mv.) og 8-5 (serveringsstader). For frisørverksemnd er det og eit krav om å vise vare- og tjenestegruppene pr. ansatt. Kassasystemet må da uansett innrettast slik at desse krava kan oppfyllast.

Det går her fram at det ikkje er krav om eit svært detaljert nivå, men at den bokføringspliktige kan velje ytterlegare spesifisering om han ønskjer det.