Tyder "skrivar" den typen skrivar (printer) som skriv på fysisk papir, ikkje til dømes ein funksjon som lagar pdf-fil?

Kassasystemforskrifta sitt krav til skrivar skal forståast som ein skrivar som kan skrive kvittering o.a. på papir. Det er likevel ikkje eit absolutt krav til at kvitteringa skal skrivast ut på papir til kunden, kunden kan velje å få ho oversend elektronisk. Ein viser her òg til merknaden til kassasystemforskrifta § 2-6 fjerde ledd:

Kassasystemet må kunne skrive ut kvitteringa på papir, men kan også ha mogelegheit for elektronisk utskrift. Elektronisk utskrift er gjennomført når kvitteringa er sendt frå kassasystemet på ein slik måte at kunden kan ta i mot kvitteringa i elektronisk form, f.eks. på ein smarttelefon eller på Digipost. Dersom kassakvitteringa blir sendt til kunden elektronisk, og det også blir teke ei utskrift på papir, skal ei av kvitteringane merkast «KOPI», jf. § 2-8-6.

Det vil seie at eit kassapunkt som BERRE kan sende kvittering elektronisk IKKJE tilfredsstiller krava i lova.