Utleige av kassasystem – kan vi framleis leige ut kassautstyr som ikkje er i samsvar med den nye forskrifta fram til 01.01.2019?

Sal, utleige eller utlån av kassasystem er likestilt i lova.  Ei verksemd som leigar eit kassasystem når lova tek til å gjelde, kan nytte kassasystemet fram til 1. januar 2019.  Vår fråsegn Kan vi gjennomføre vedlikehalds- og hovudoppdateringar i 2017 og 2018 hjå kundar vi har ved årsskiftet, sjølv om systemet ikkje er tilpassa krava i kassasystemlova og kassasystemforskrifta? gjelder tilsvarande ved utleige.

Når ein leiger ut til verksemder som har ambulerande eller sporadisk kontantsal, t.d. verksemder som er med på messer, arrangerer årlege festivalar osv., blir kassasystemet leigd ut for ein kortare periode og deretter levert tilbake i påvente av neste (års) arrangement. Dersom ein har inngått kontrakt med eksisterande kundar om å vidareføre leiga i 2017 og 2018 før 1. januar 2017, kan den gamle løysinga leigast ut også for desse åra, uavhengig av om kunden nyttar kassasystemet ved årsskiftet.