Vi er berre forhandlar, ikkje leverandør av kassasystem – kan vi selje gamle kassasystemløysingar vi har på lager pr. 1. januar 2017 før 1. januar 2019?

Kassasystemregelverket er ikkje til hinder for at forhandlarar sel slike system. Bokføringspliktige har lov å bruke desse fram til 1. januar 2019. De har opplysningsplikt overfor kunden om at kassasystemet må oppgraderast eller skiftast ut innan 1. januar 2019 for å kunne brukast etter dette tidspunktet.

Kassasystemlova sitt virkefelt, jf. § 1:

"Denne lova gjeld leverandørar av kassasystem som nemnt i § 2 bokstav e. Lova fastsett krav til kassasystem mv. som blir tilbode for sal, utleige eller utlån til bokføringspliktig som nemnt i bokføringslova § 2."

Leverandør av kassasystem er definert i kassasystemlova § 2 bokstav e:

"produsent eller importør som enten sjølv eller gjennom forhandlar sel eller tilbyr kassasystem mv. for sal, utleige eller utlån til bokføringspliktig som nemnt i § 1, og forhandlarar og andre som tilpassar kassasystem for dei bokføringspliktige," Leverandørane kan berre selgje kassasystem som tilfredsstiller kassasystemlova/forskrifta etter 1. januar 2017, enten leverandøren sel direkte til kunden eller via forhandlar. Ein forhandlar som ikkje er produsent eller importør, men som berre sel kassasystem utan å gjere tilpassingar for kunden, er ikkje leverandør etter kassasystemlova. Regelverket er ikkje til hinder for at slike forhandlarar sel ut kassasystem dei har på lager pr. 1. januar 2017. Kunden må informerast om at systemet må oppgraderast eller skiftast ut innan 1. januar 2019.