Vi leverer kassasystem til ei større butikkjede. Kontrakten vi har inngått gjeld òg nye butikkar i kjeda etter kontraktstidspunktet. Kan vi halde fram med å levere den same kassaløysinga etter 1. januar 2017 til nye butikkar i kjeda?

Kontrakten ein har inngått kan leggjast til grunn også ved nyetableringar i kjeda, under føresetnad av kontrakten er inngått før 1. januar 2017, og første leveringsdag i Noreg av eit kassapunkt er før denne datoen.

Kassasystemlova tek til å gjelde 1. januar 2017. Frå dette tidspunktet kan leverandørar av kassasystem berre selje, leige ut eller låne ut kassasystem som tilfredsstiller krava i kassasystemlova og kassasystemforskrifta.

Leverandørar kan ha inngått kontrakt med kjeder som omfattar alle butikkar, kioskar e.l. som inngår i kjeda, under dette også nyetableringar etter kontraktstidspunktet. Spørsmålet som er stilt er om leverandørane må tilby særskilde løysingar for ev. nye butikkar i kjeda etter 1. januar 2017 eller om dei kan nytte det same systemet som andre einingar i kjeda, inntil kjeda skal innføre den nye løysinga, innan 1. januar 2019.

Skattedirektoratet legg til grunn at kontrakten ein har inngått med kjeda kan leggjast til grunn både for eksisterande butikkar i kjeda som får levert kassasystemet etter 1. januar 2017 og for nyetableringar. Så lenge kontrakten er inngått før 1. januar 2017, og første leveringsdag av eit kassapunkt i Noreg er før denne datoen, kan ein bruke den eksisterande løysinga. Alle einingane i kjeda må ha gått over til ny løysing innan 1. januar 2019. Når ein inngår kontraktar der første leveringsdag av eit kassapunkt i Noreg er etter 1. januar 2017, kan ein berre selje kassasystem som tilfredsstiller krava i kassasystemlova og kassasystemforskrifta.