Vi sel betalingsterminalar med kassaprogramvare. Desse blir nytta der det berre er høve til å betale med betalingskort. Gjeld kassasystemlova for slike løysingar?

Slike løysingar må òg tilfredsstille krava i kassasystemlova, dersom dei ikkje blir nytta av bokføringspliktige som kjem inn under unnataksføresegnene i bokføringsforskrifta.

Med verknad frå 1. januar 2019 gjeld denne føresegna i bokføringslova:

§ 10 a. Særlige regler om dokumentasjon av kontantsalg Bokføringspliktige skal registrere og dokumentere kontantsalg ved bruk av kassasystem med produkterklæring som tilfredsstiller krav i kassasystemlova og krav etter forskrift gitt i medhold av kassasystemlova. Departementet kan i forskrift fastsette krav til bruk av kassasystem mv., herunder fastsette unntak.

Med kontantsalg menes salg der kjøpers betalingsforpliktelse overfor selger gjøres opp ved levering, jf. bokføringsforskriften § 5-3-1. Også betaling med ulike betalingskort blir rekna som kontantsal.

Med mindre det er gitt særskilde unnatak i bokføringsforskrifta må bokføringspliktige frå 1. januar 2019 ha kassasystem som tilfredsstiller regelverket i kassasystemlova og kassasystemforskrifta. Slike unnatak er føreslått for mellom anna ambulerande og sporadisk kontantsal under 3 gonger grunnbeløpet i folketrygda i løpet av eit rekneskapsår (ekskl. mva) og generelt for den som ikkje har kontantsal som ikkje overstig kr 50 000 (ekskl. mva).

Det er ikkje føreslått særskilde unnatak for løysingar der ein berre kan betale med kort. Slike løysingar må òg tilfredsstille krava i kassasystemlova, dersom dei ikkje blir nytta av bokføringspliktige som kjem inn under unnataksføresegnene. Det vil seie at systemet mellom anna må tilfredsstille føresegnene i kassasystemforskrifta til påbodne og forbodne funksjonar og kravet til kvittering og rapportar. Det er likevel ikkje krav om integrert kassaskuff for slike løysingar, dersom det ikkje er mogeleg å betale med setlar og myntar, jf. kassasystemforskrifta § 2-2, siste punktum.