Vi sel programvare til kassasystem, men ikkje kassaskuff og skrivar. Kven skal levere produktfråsegn?

Som produsent eller importør av programvara skal du kome med ei produktfråsegn. I eit slikt tilfelle inneber fråsegna at programvara gjer det mogeleg å oppfylle krava knytte til kassaskuff og skrivar etter at desse einingane er kopla til. Skattedirektoratet kjem med nærare retningslinjer for korleis ein skal gi fråsegna i tilfelle der produsenten eller importøren ikkje leverer både maskinvare og programvare.

Kassasystemlova § 2 e definerer leverandør av kassasystem slik:

"produsent eller importør som enten sjølv eller gjennom forhandlar sel eller tilbyr kassasystem mv. for sal, utleige eller utlån til bokføringspliktig som nemnt i § 1, og forhandlarar og andre som tilpassar kassasystem for dei bokføringspliktige"

I første rekkje er det dermed produsentar og importørar som leverer produktfråsegn, men "andre som tilpassar kassasystem for dei bokføringspliktige" kan òg ha plikt til å levere produktfråsegn for den tilpassinga som er gjort.