Z-rapporten skal utførast kvar dag, men kva med utskrift?

SKAL denne skrivast ut til papir eller PDF når ein utfører Z-rapporten, eller er det nok at Z-rapporten blir utført (og får løpenummer), men kan hentast fram og skrivast ut seinare?

Svar

Den bokføringspliktige sin bruk av kassasystemet blir regulert i bokføringsforskrifta. På same måte som med dagens reglar skal ein gjennomføre daglege kassaoppgjer. I forslaget til ny § 5a-14 skal Z-rapporten anten skrivast ut på papir eller lagrast elektronisk i kassasystemet. Det vil seie at dagsoppgjeret kan gjerast elektronisk. Rapporten må difor produserast ferdig kvar dag og det er ikkje nok å produsere desse ved ein eventuell kontroll. Vil du vite meir om lagring av elektronisk dokumentasjon, kan du sjå NBS 1 Sikring av rekneskapsmateriale