SAF-T Rekneskap

  • Skriv ut

SAF-T Rekneskap (Financial) er eit standardformat for utveksling av rekneskapsdata.SAF-T, eller Standard Audit File-Tax, er utarbeidd i fellesskap av bramsjeorganisasjonar, systemleverandørar og Skatteetaten, etter tilråding frå OECD.

Finansdepartementet har endre bokføringsforskrifta til at bokføringspliktige som har bokføringen tilgjengelig elektronisk skal kunne utlevere rekneskapsdata i eit gjeve standard format. Endringa gjeld for bokføringsperiode som startar 1. januar 2020 eller seinare. Før dette tidspunkt vil rapportering på SAF-T formatet vere frivillig.

Verksemder med mindre enn 5 millionar kroner i omsetning er unnatekne frå kravet. Men dersom desse verksemdene likevel har bokførte opplysningar elektronisk tilgjengeleg, kjem dei inn under kravet.

Det er berre i sambamd med ein eventuell kontroll, og når Skatteetaten ber om det, at dei bokføringspliktige skal sende inn filer på SAF-T format. 

Forenkling

Innføringa av standardformatet gjer det enklare for bokføringspliktige å sende rekneskapsmateriale til offentlege styresmakter på førespurnad.

Det blir òg lettare å utføre interne kontrollar, analysere og dele data med andre, som til dømes eksterne revisorar eller mellom ulike rekneskapssystem.

Oppbevaringsplikta vil bli enklare da ei SAF-T fil vil tilfredsstille oppbevaringsplikta av de bokførte opplysningane, forutsatt at fila kan produsere spesifikasjonar av pliktig rekneskapsrapportering.

Produksjon av SAF-T filer

Systemleverandørar må tilpasse rekneskapssystema, slik at systema støttar den nye standarden som ynskjer å bruke rekneskapssysemet til å levere sine opplysningar på SAF-T format.

Du finn meir informasjon om SAF-T Rekneskap og SAF-T Kassasystem under dokumentasjon.

Finn du ikkje svar på det du lurer på, kan du sende e-post til: saf-t@skatteetaten.no

Systemleverandører

Testinnsending

Spørsmål og svar - SAF-T

Dokumentasjon

Generell og teknisk dokumentasjon om SAF-T Regnskap og SAF-T Kassasystem.

Forvaltningsorgan

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.