Spørsmål og svar – Standardformat rekneskap

  • Skriv ut

Kva er Standard Audit File-Tax (SAF-T)?

 

SAF-T er eit standardformat for utveksling av rekneskapsmateriale. Standarden er utarbeidd i fellesskap av næringslivet, rekneskapsbransjen og Skatteetaten, etter tilråding frå OECD. Standarden viser kva for rekneskapsdata som skal utvekslast og strukturen på data.

 

Kva for fordelar gir SAF-T?

 

For bokføringspliktige blir det lettare å sende rekneskapsdata til offentlege styresmakter. Det blir òg lettare å utføre interne kontrollar i bedriftene, analysere data i spesialiserte system og dele data med andre. I tillegg blir det lettare å byte rekneskapssystem og å integrere ulike system.

For Skatteetaten inneber den nye måten å hente inn rekneskapsdata på meir effektive kontrollar og kortare sakshandsamingstid, gjennom automatisering og færre manuelle prosessar.

 

Kven må kunne framstille rekneskapsdata i SAF-T-formatet?

 

Det er foreslått at kravet skal gjelde alle bokføringspliktige. Verksemder med mindre enn 5 millionar kroner i omsetning, eller færre enn 600 bilag i året, er unnatekne frå kravet. Men dersom desse verksemdene likevel har bokførte opplysningar elektronisk tilgjengeleg, kjem dei inn under kravet.

Det er systemleverandørane som må tilpasse rekneskapssystema sine, slik at systema kan levere den nye standarden på førespurnad.

 

Skal SAF-T erstatte den vanlege rapporteringa av likningsdata?

Nei, rekneskapsopplysningar i dette formatet erstattar ikkje rapportering av likningsdata, men skal kunne sendast til skattekontoret i samband med bokettersyn etter førespurnad frå skatterevisor.

Når blir standarden innført?

 

I ei høyring frå Finansdepartementet blir det foreslått at kravet om å kunne levere rekneskapsdata på det nye formatet skal gjelde for bokføringsperioden som byrjar 1. januar 2017.

På grunnlag av høyringssvara ventar vi at SAF-T blir obligatorisk først frå 1. januar 2018.

 

Blir det ei overgangsordning for bokføringspliktige (jf. òg reglane om kassasystem)?

Det er ikkje planlagt overgangsordning på same måte som for kassasystem.
Dersom SAF-T blir obligatorisk først frå 2018, vil det vere ei frivillig ordning i 2017.

Er det transaksjonar som inngår i hovudbok registrerte frå og med 1. januar 2017 som skal rapporterast, eller må vi rekne med å kunne generere SAF-T for transaksjonar registrerte før denne datoen?

Det blir ikkje krav om å gjengi transaksjonar tilbake i tid. Rekneskapssystema kan sannsynlegvis generere SAF-T-filer for tidlegare periodar dersom dataa ligg i same database og i same format som transaksjonar etter 1. januar 2017 (eller ein seinare dato dersom kravet om obligatorisk implementering av SAF-T blir utsett til 2018).

Korleis kjem dette til å påverke oss i rekneskapsbyrå? Kva må vi leggje til rette av programvare, eller andre ting?

Det er systemleverandørane som må tilpasse rekneskapssystema sine, slik at systema kan levere den nye standarden på førespurnad. Norske leverandørar av rekneskapssystem har vore med i dialog frå hausten 2015 og nokon av dei var òg med på å utvikle sjølve standarden. Rekneskapsbyrå må syte for at dei nyttar oppdaterte rekneskapssystem.

Kva inneheld første versjon av standarden?

Den første versjonen av standarden blei klar i mars 2016 og er publisert på skatteetaten.no. Denne første versjonen er avgrensa til kontospesifikasjon (hovudbok), og leverandør- og kundespesifikasjon (reskontro). Nødvendige faste data er òg med. Framtidige versjonar kjem på dokumentasjonsnivå til å omfatte fakturaer og varerørsler. For å gjere formatet betre eigna til å flytte data mellom ulike rekneskapssystem, blir det òg lagt til fleire dataelement.

Skal alle selskap nytte SAFT-formatet (inkl. bankar)?

Så lenge verksemda oppbevarer rekneskapen elektronisk, er ho pliktig til å gjengi bokførte opplysningar i SAF-T-format. Det vil seie at bankar skal nytte formatet på same måte som andre bokføringspliktige verksemder. Også offentlege verksemder kjem inn under kravet dersom dei kan definerast som bokføringspliktige.

Kva med konsernrekneskap? Skal det kunne rapporterast i SAF-T?

Den første versjonen av standarden har ikkje felt for konsernrekneskap. Dette kjem i seinare versjonar.

Vil det å laste opp ei fil til Altinn vere ein gyldig leveringsmetode når ein skal levere SAF-T til Skatteetaten?

Opplastinga via Altinn vil vere hovudmåten for bokføringspliktige å levere SAF-T-fila på. For dei som har store filer over 2 GB jobbar vi med å få til ei alternativ løysing.

Blir det mogeleg å teste for systemleverandørane?

Ja, i september 2016 blei det opna for at systemleverandørar kan teste løysingane sine. Skatteetaten tilrår alle systemleverandørar å teste. 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.