Systemleverandørar

  • Skriv ut

SAF-T Standardformat rekneskap (SAF-T Financial) inneheld i hovudsak kontospesifikasjonar (hovudbok), og kontospesifikasjonar (reskontro) for kundar og leverandørar.

Som systemleverandørar må de tilpasse rekneskapssystema, slik at systema støttar den nye standarden.

Finansdepartementet vurderer eit forslag om at kravet til å utlevere rekneskapsdata i formatet gjeld for bokføringspliktige frå 1. januar 2017.

Vi ventar likevel at dette kjem til å vere ei frivillig ordning fram til 1. januar 2018.

Testinnsending via Altinn

Skatteetaten tilrår alle systemleverandørar for SAF-T Financial å delta på test. Når de deltek, får de høve til å teste heile verdikjeda, både validering av filformatet, sjølve innsendingsprosessen og kontroll av tilbakemelding på innsende data.

Meir informasjon om løysinga og testinnsendinga blir lagd ut på sluttbrukarsystemportalen.

Testinnsendinga starta i september 2016.

Dokumentasjon

Generelle og tekniske dokument  

XML-skjema og standard kodelister er tilgjengelege på GitHub. Legg merke til at standard kontoplan frå Rekneskap Noreg til bruk for SAF-T blei oppdatert 16. desember 2016.

Spørsmål om formatet

Kontroller oversikta med spørsmål og svar eller send konkrete spørsmål til oss på: saf-t@skatteetaten.no

I tillegg er det etablert eit diskusjonsforum for systemleverandørar for å utveksle erfaringar, på GitHub.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.