Testinnsending

  • Skriv ut

Testinnsending SAF-T Rekneskap

Skatteetaten anbefaler alle systemleverandørar som utviklar løysing for å støtte SAF-T formatet, å delta på test via Altinn.

Ved å delta kan de teste heile verdikjeda.

Erfaring viser at dei som deltek på test har gode føresetnader for ei vellykka oversending seinare.

For å delta i test og få utdelt testbrukar bruker de e-postadressa Skatt.Altinnlokalforvaltning@skatteetaten.no.

Vi er tilgjengelige for faglig rettleiing gjennom heile prosessen via e-post saf-t@skatteetaten.no.

Handsaming av innsendte testfiler er stoppa

Ein føresetnad for å sende inn testfiler er at opplysningane i fila er anonymiserte. I ein periode kunne systemleverandørar som jobbar med standarden SAF-T teste med anonyme data via Altinn. Skatteetaten erfarte likevel at innsendte data i liten grad var anonymiserte.

Handsaming av mottekne data for testformål er difor stoppa. Det vil bli innført nye rutinar som skal sørgje for at dei allereie mottekne testdata blir anonymiserte på ein måte som fortsatt sikrar konfidensialitet, samtidig som Skatteetaten kan gi ei fornuftig tilbakemelding på testinnsendinga.

Dei datafilene vi har motteke til no vil bli anonymiserte av Skatteetaten og tilbakemelding på desse vil bli gitt.

Krav til nye testinnsendingar

Testfiler som blir mottekne framover som ikkje er anonymiserte vil ikkje bli handsama.

Aktivitet 1 - Test filformatet sjølv

Før de sender inn filvedlegg i SAF-T format ønskjer vi at de testar filformatet.

Som offentlig verksemd kan ikkje Skatteetaten anbefale noko valideringsverktøy framfor andre. Det finnast mange gratis valideringsverktøy på internett som kan brukast til dette. Det er også implementert ein XSD-validator i Altinn sitt testmiljø, slik at filvedlegg med formatfeil ikkje er mogeleg å sende inn. Når testfila validerer mot Skatteetaten sin oppgitte XSD er du komen langt på veg til ei problemfri innsending.

Aktivitet 2 - Innsending av testdata

Når de har ei SAF-T XML-fil klar, kan de sende inn testdata til Skatteetaten via Altinn.

Innsendte testdata kan bli nytta til testformål av Skatteetaten eller leverandørar av datasystem til Skatteetaten. Av personvernomsyn skal testinnsendingane ikkje innehalde skarpe data om innsendar eller 3. partar. Det medfører at bl.a. følgjande informasjonselement må anonymiseraste:

Informasjonselement som må anonymiserast

XML-felt som f.eks.

selskapsnamn og informasjon om selskap 

<n1:Name> og <n1:TaxRegistration>

Adresser

<n1:StreetName> og <n1:PostalCode>

namn på enkeltpersonar

<n1:FirstName>, <n1:LastName> og <n1:AdditionalAddressDetail>

kontaktinformasjon (e-post, telefonnummer, faks, mv.) 

<n1:Email>, <n1:Telephone> og <n1:Fax>

kontonummer, IBAN-nummer mv.

<n1:IBANNumber> og <n1:BIC>

Dette er ikkje ei uttømmande liste, alle opplysningar som kan knytast til ein enkeltperson må fjernast frå filene, men dette er eksemplar på opplysningstypar og feltkodar som minst må anonymiserast.

Det er viktig at anonymiseringa blir gjort på ein slik måte at datatypar blir tekne vare på for å unngå feil ved validering.

Testbrukar

De får tildelt ein fiktiv testbrukar som skal brukast for innlogging i Altinn sitt testmiljø. Testbrukaren vil ha unike pinkodar slik at det berre er du som har tilgang til tildelt testbrukar. Når testdata blir sendt inn, får de også ei tilbakemelding i testbrukaren sin Min meldingsboks.

For å delta i test, sender de ein e-post til: Skatt.Altinnlokalforvaltning@skatteetaten.no

Oppgi organisasjonsnummeret dykkar, namn på kontaktperson samt e-postadresse og telefonnummer. De vil da få tildelt ein testpakke som inneheld:

  • Altinn testbrukar
  • Fiktivt organisasjonsnummer og pinkoder for innlogging i Altinn sitt testmiljø
  • Eit sett med fiktive organisasjonsnummer du kan bruke i dine testinnsendingar
  • Referansenummer som skal nyttast (2017/1946034)
  • Køyreplan for testinnsending

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.