Hobby eller næring?

  • Skriv ut

Grensa mellom hobby og næringsverksemd er ikkje klart definert i lova. Hobby er skattefritt, medan næring er skattepliktig verksemd. 

For å slå fast om det er tale om hobby eller verksemd må ein vurdere konkret om verksemda di:

  • bli drive for eiga rekning og risiko
  • har eit visst omfang
  • er eigna til å gå med overskot over tid
  • tek sikte på å vare ei viss stund

Oppstartsperiode

  • Før det første året ein økonomisk aktivitet blir rekna som skattepliktig verksemd, kan du ha ein oppstartsperiode på inntil 5 år.
  • Skatteetaten stiller krav til dokumentasjon av kostnader og inntekter.
  • For å kunne få frådrag for tidlegare års oppstartskostnader, må ein fylle ut skjemaet Oppstart av verksemd (RF-1298) for dei aktuelle åra. Skjemaet leverer du saman med den første næringsoppgåva etter at verksemda er starta opp.

Arbeidstakar eller næringsdrivande

I enkelte samanhengar må du vurdere om du er arbeidstakar eller næringsdrivande. Dette har noko å seie for korleis ein skal handsame utbetalinga for utført oppdrag.

Døme

Vi gir døme på korleis hobbyar som hestarverkstadlefseproduksjon og blogging kan bli ei næringsverksemd.

Sjå òg døme og reglar for netthandel.

Les òg om  skattefrie småjobbarog kva vi skriv om delingsøkonomi og skatt.