Arbeidstakar eller næringsdrivande?

  • Skriv ut

I enkelte samanhengar må du vurdere om du er arbeidstakar eller næringsdrivande. Dette har noko å seie for korleis ein skal handsame utbetalinga for utført oppdrag.

Dersom du ikkje stiller med eigne reiskap/verktøy for å utføre arbeidet og heller ikkje er ansvarleg for jobben, er du arbeidstakar. Utbetaling for utført oppdrag er då lønnsinntekt for deg og du skal levere skattekort til den som skal betale ut lønna. Den som har betalt ut pengane er då arbeidsgivaren din.

Dersom du oppfyller alle vilkåra som er lista opp nedanfor, blir du rekna som næringsdrivande. Då skal du fakturere oppdragsgivaren. Du blir då sjølv ansvarleg for å betale inn skattar.

Vilkåra for næringsverksemd er at verksemda:

  • bli drive for eiga rekning og risiko
  • har ein viss aktivitet
  • har eit visst omfang
  • er eigna til å gå med overskot

Også på andre område er det viktig å avklare spørsmålet om du er arbeidstakar eller eigen næringsdrivande. Dette gjeld til dømes forsikringar, garantiar og sjukepengerettar.

Er du i tvil om kva som gjeld deg og verksemda di, ta kontakt med oss på telefon 800 800 00 eller e-post.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.