Dokumentasjon

  • Skriv ut

Det er viktig at du kan dokumentere alle utgiftene og inntektene i oppstartsperioden, og tek vare på alle inntekts- og kostnadsbilaga som er reelt knytte til verksemda frå og med det året du startar opp.

Du kan halde oversikt over bilaga ved å fylle ut skjemaet Oppstart av verksemd – bilagsoversikt fortløpande kvart år, med alle kostnads- og inntektsbilag ordna og nummererte. Sjå døme.

Når du meiner at vilkåra for skattepliktig verksemd er oppfylte, leverer du Næringsoppgåve 1 (RF-1175) saman med sjølvmeldinga, og legg ved utfylte eksemplar av skjemaet Oppstart av verksemd – bilagsoversikt, eitt skjema for kvart av dei føregåande åra.

Bokføringsplikt etter at du blir godkjend som næringsdrivande 
Etter at du er godkjend som næringsdrivande og har plikt til å levere næringsoppgåve, skal du føre rekneskap i samsvar med reglane i bokføringslova og bokføringsforskrifta.

Då kan det vere lurt å ta kontakt med eit rekneskapskontor for å få hjelp med rekneskapsføringa. Du finn meir informasjon 

under Kontorarbeid og rekneskapsføring – tips og råd

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.